Fungerar biologiske medikament mot lupus?

Ved omtale av medikament har vi brukt namnet som medikamentet blir marknadsført under og sett verkestoffet i parentes.

Medikamenta som blir omtalt som biologiske medikament kan inndelast i fire grupper:
Anti-cytokin
Anti T-celler
Anti B-celler
Anti B-celle-cytokin

Alle desse medikamenta er retta mot spesifikke delar av immunsystemet. Nokre medicament er retta mot  lymfocyttane. Dei er hovudansvarlege for å reagere mot inntrengarar som bakteriar og virus. Det er tre hovudtyper lymfocyttar: B-celler, T-celler og naturlege dreperceller. Dei ser like ut, men har forskjellige oppgåver innan immunforsvaret.
Cytokin er små protein som blir produsert av immunforsvaret og fungerar som signalmolekyl mellom celler. Dei blir ofte produsert som svar på ein infeksjon. Mange av cytokina heiter interleukiner. Interleukiner blir som regel forkorta med bokstavane IL og eit tal. Nokre av dei mest kjente cytokina er interferon (IFN), tumornekrosefaktor (TNF), IL-1 og IL-6.

Anti-cytokin
Det har blitt laga fleire medikament som hemmar desse cytokina. Dei mest kjente av desse er kanskje TNF-hemmarar. Dei tre TNF-hemmarane Humira (adalimumab), Enbrel (etanercept) og Remicade (infliksimab) ser ut til å vere effektive i å redusere sjukdomsaktiviteten ved revmatoid artritt, bekhterev og psoriasisartritt, men fungerar dei ved lupus? Vollenhoven seier at forskinga på feltet er interessant, men innskrenka og at medikamenta ikkje er eigna som standardbehandling ved lupus. Anti-IL-6-medikamentet RoActemra (Tocilizumab) er heller ikkje anbefalt som standard behandling, men har hittil gode forskingsresultat å vise til. Neutropeni, det at ein får eit veldig lavt tal av ein bestemt type kvite blodlekamar, har vore ein hyppig biverknad. Det blir for tida gjort forsøk med andre medikament retta mot IL-6.

Interferon-alfa er eit cytokin som forskarane har vist stor interesse for. SLE-pasientar har høge nivå av INF-alfa, og fleire legemiddelselskap utfører no undersøkingar med anti-INF-alfa-medikament. Dei fleste trur at eit slikt medikament vil ha effekt, men ein er bekymra for kor trygt det vil vere å bruke ettersom INF-alfa er svært viktig for kroppen sitt forsvar mot virus og svulstar.

Eit medikament i denne gruppa som Vollenhoven ikkje nemnde i føredraget sitt er Kineret (anakinra) som blokkerar effekten av IL-1. Kineret kan ha effekt på symptomet fatigue.

Anti T-celler
I kategorien med medikament som er retta mot T-celler har vi Orencia (abatacept). Dette medikamentet har hatt skuffande resultat i følgje Vollenhoven, men kan kanskje brukast av lupuspasientar som har eit sjukdomsbilete som liknar på leddgikt.

Anti B-celler
Det mest kjente medikamentet som er retta mot B-celler er MabThera (rituximab). Dette medikamentet gjorde det svært dårleg i ei stor undersøking i 2008, men har hatt veldig gode resultat i mindre undersøkingar, spesielt ved nyreaffeksjon. Vollenhoven er usikker på kor godt det fungerar for pasientar utan nyreproblematikk, men meiner at det kan forsøkast viss CellCept (mykofenolatmofetil) eller Sendoxan (cyclofosfamid) ikkje har ønska effekt. På grunn av eit par tilfeller av progressiv multifokal leukoencefalopati (PML) ved behandling med MabThera er det viktig at ein er merksam på tidlege symptomar på PML. PML er ein sjeldan sjukdom i sentralnervesystemet som kan ramme pasientar med nedsett immunforsvar, og symptom på dette kan vere synsforstyrringar, blindheit, svekka motorisk funksjon, svekka kognitiv funksjon, svekka kraft og åtferdsendringar.

Suksessen til MabThera har ført til at ein har gjort forsøk med andre preparat som rettar seg mot det same proteinet, CD20, som fins på overflata av B-celler. Eit av dei er Ocrelizumab, som har vist god effekt ved behandling av lupus. Legemiddelskapet Roche har likevel stoppa utviklinga av dette medikamentet på grunn av alvorlege biverknader. Eit tredje medikament som rettar seg mot CD20 er Arzerra (Ofatumumab), men dette er berre godkjent for behandling av kronisk lymfatisk leukemi. Epratuzumab rettar seg mot overflateproteinet CD22, og er under utredning for effekt i behandlinga av lupus.

Anti B-celle-cytokin
Det blir også forska på medikament som hemmar den biologiske aktiviteten til B-lymfocytt-stimulator (BLyS), eit cytokin i TNF-familien. BLyS er viktig for at B-lymfocyttane skal aktiverast, dele seg og overleve. Eit av desse anti-BLyS-medikamenta er Atacicept. Eit anna er Benlysta (belimumab), og det er det medikamentet forskarane har mest tru på akkurat no.  Ingen av undersøkingane har avslørt alvorlege biverknader og fleire forskarar spår at Benlysta vil bli det første medikamentet som blir godkjent for behandling av lupus. I så fall vil det bli den første nye behandlinga som blir godkjent for SLE på 40 år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.